Vår medlem May Britt, som har nettbutikken Maya`s art viser her en maleteknikk som er artig for både stor og liten! Kanskje noen du kjenner får et maleri du har malt selv under juletreet i år? :)
Seier du at du du ikkje kan male? Joda, her skal eg vise deg ein enkel teknikk. Denne kan og brukast for alle, uansett alder. Det er ein teknikk som gjev resultat ganske så fort.
Her er det du treng for å male.
Du tek litt maling på hjørnene av svampen, eg har brukt blå, lilla og eplegrønn, så fukta eg svampen og klemte litt vatn ut av den.
Så er det berre å kose seg med å male over lerretet. Obs fargane kan fort bli til ein farge, litt gusjen, så du må stoppe i tide.
Så legg du på gladpacken.. Eg la på to lengder. Her kan du velge om du vil la den ligge slik,eller løfte/dra litt på den.
No brukar eg ei stoppenål, eller du kan berre dra i plasten. Når eg løfter plasten litt med nåla, får eg ein stjerneeffekt.
Her har eg dratt saman plasten litt meir med hand.
Så er det klart for å ta av gladpacken, etter ca 30/20 min. alt etter kor tørt du vil ha det. Om du tar den av før og set opp maleriet, kan du få litt renne effekt av maling som ikkje er tørka.
Om du ynskjer det, kan du spraye vatn på og la det renne. Er malinga tørka , må du la maleriet ligge flatt ei stund før du set det opp.
Det var heile prosessen. Slik kan du lage eit fargerikt maleri, alt etter kor mykje maling og vatn du har på lerretet, så blir det ingen like utrykk.
Du kan og bruke akvarell/ eller lerretsark til denne teknikken. Då kan det vere lurt å tape opp ein kant rundt arket, samtidig som du fester det til bordet.
Tar du bilde av maleriet ditt kan du bruke det til å printe ut og, lage kort, skrive tekst på til personlege helsingar osv.
Dette blogginnlegget ble først publisert på May Britt sin blogg Fargerikesprell.blogg.no og vi publiserer det her med tillatelse fra May Britt :)
Trykk gjerne på Facebook/Twitter-knappen under her hvis du vil hjelpe oss å dele! Takk for besøket og velkommen tilbake!